Garanti og reklamasjoner

Vi behandlar reklamasjonar i samsvar med NS 8409 og Kvanne Industrier AS (KIAS) sine sals- og leveringsvilkår. NS 8409 §12 angir at det er kjøpar sitt ansvar å kontrollere varer ved mottak. Eventuelle synlege skader på varer/emballasje skal noterast på fraktbrev eller følgeseddel før kunden kvitterar på mottak.

Avvik på produkt/leveranse

Når eit avvik ved produktet/leveransen frå KIAS blir avdekt, i forhold til det som er avtalt, må ein reklamasjon meldast inn så snart som råd etter at dette er oppdaga. Bruk helst vårt reklamasjonsskjema, som de finn nedst på denne sida!  Kunden skal, i slike tilfelle og uavhengig av ansvarsforhold, søke å avgrense ev. tap som vil kunne oppstå som følgje av feil på produktet eller leveransen frå KIAS.

Om produktet er tatt i bruk med feil/manglar, dekkjer vi ikkje utskiftings- og følgjekostnader, med mindre dette er avtalt skriftleg med KIAS.

Vi føreset uansett at KIAS sine retningsliner for montering og vedlikehald er følgde.

Transportskade

Sjølv om vi pakkar varene så godt vi kan, kan uvørden handtering under transport medføre skadar. Vi ber kunden kontrollere varene nøye for moglege transportskadar, samt at leveransen inneheld oppgitte kolli. Viktige tiltak:

  • Synlege transportskader skal noterast på fraktbrev før det blir signert.
  • Saknast gods ved mottak, skal dette noterast på fraktbrev før det blir signert.
  • Usynlege/skjulte skader som kan skuldast transporten skal meldast til KIAS innan fem (5) dager, slik at KIAS kan varsle transportøren seinast innan dei sju (7) dagene etter mottak, som er kravt i NSAB 2015.

Om transportskaden eller sakna gods gjeld krav mot KIAS, skal dette meldast KIAS umiddelbart.

Denne etiketten finst på alle leveransane frå oss:

Garanti på malte dører

Reklamerer kunden ikkje innan to (2) år etter overtaking av varen, kan avvik berre gjerast gjeldande viss ein kan dokumentere fabrikasjonsfeil; avvik som skuldast manglande vedlikehald eller feil bruk er i slike tilfelle ikkje gyldig reklamasjonsårsak.

Merk at vi ikkje kan garanti mørke fargar mot bleking/falming, da slike dører over tid normalt vil ha meir synleg nedmatting og falming, enn lysare dører. For ev. andre avvik, som for eksempel avflassing , vil normale garantivilkår gjelde.

Merk òg at alle mørke dører er spesielt utsette når materialet i overflata blir oppvarma. Vi kan i ekstreme forhold ikkje garantere mot effektar som luftblører i dørbladet, samt mot at oppvarming fører til at døra «slår seg». Normalt vil døra rette seg ut igjen når temperaturen går tilbake til normaltemperatur, men blir døra utsett for sterkt sollys over tid kan døra forbli bua; ein får ikkje retta den opp igjen. Ein mogleg måte å unngå dette problemet på er å installere eit overbygg når du monterer døra, slik at det alltid blir skugge på døra.

Her er kopling til KIAS sine salgs- og leveringsvilkår: Trykk her!