Vi søker Utviklingsingeniør!

Vi er inne i ein spennande vekstfase mot nye produktområde og marknadar og søker etter ein Utviklingsingeniør som kan hjelpe oss på vegen mot nye og høge mål.

Vi er eit lite og samansveisa lag, og utviklingsingeniøren sine arbeidsoppgåver vil spenne vidt – både inn mot produksjonen og som støtte for kundeleveransane. Vi har høge ambisjonar når det gjeld å utvikle produkta, produktinformasjonen og prosessane våre, og i dette arbeidet vil utviklingsingeniøren vere ein krumtapp.

Personen vi ser for oss har utdanning i ingeniørfag, for eksempel på Bachelor-nivå innan maskin eller bygg. Nesten like viktig er praktisk arbeidserfaring frå ei industri- eller entreprenørbedrift, og ikkje minst interesse for industrielle prosessar. Hen må beherske bruk av kontor- og prosjektstøtteverktøy, samt Autodesk Inventor eller annan liknande programvare for modellering og konstruksjonsunderlag. Gode norsk- og engelskferdigheiter vil vere ein viktig føresetnad, og vi vektlegg òg gode samarbeidsevner og ei fleksibel haldning til arbeidsoppgåver og -kvardagen.

Vi kan tilby konkurransedyktige vilkår, fleksibel arbeidstid og eit godt arbeidsmiljø, i moderne og trivelege lokalar i fagre Surnadal.

Send søknad innan 21. november til post@kiasdoren.no.  For meir informasjon eller spørsmål, kontakt Dagleg Leiar Trond Skogseth når som helst på 91178910 eller trond@kiasdoren.no.