Kvanne Industrier 40 år i 2023!

I desember i år er det faktisk 40 år sidan Kvanne Industrier såg dagens lys på Kvanne i Surnadal kommune. Sidan den gong har det vore ei rivande utvikling, frå ein sped start med støping av polyester i tronge lokale, til dagens delautomatiserte produksjon av kvalitetsdører i moderne lokale i industriområdet i nedre Surnadal. Vi reknar oss som ein livsfrisk 40-åring, og ser fram mot å hjelpe kundar i Norge og Skandinavia med deira dørbehov, òg i dei neste 40 åra!