1. Rettigheiter
I samband med behandling av personopplysningar har du ei rekkje rettigheiter etter personvernlovgivinga. Du har rett til å krevje innsyn i og retting av personopplysningane dine. Du kan óg ha rett til å protestere mot behandlinga, samt rett til dataportabilitet. Videre kan du ha rett til sletting og avgrensing av personopplysningar.
For å føre tilsyn med verksemders si behandling av personopplysningar er det oppretta eit datatilsyn. Dersom du er misnøghd med behandlinga vår av personopplysningar om deg, kan du sende en klage til Datatilsynet.
Kontaktinformasjonen til Datatilsynet finner du på deira heimeside, http://www.datatilsynet.no. På heimesida finn du óg ytterligare informasjon om pliktene våre og rettigheitene dine etter gjeldande personopplysningslov.
Den til ei kvar tid gjeldande personopplysningslovgivinga er tilgjengeleg på http://www.lovdata.no.
Om Kvanne Industrier AS
Eigar av denne nettsida er:
Kvanne Industrier AS,
Industrivegen 53,
6652 SURNADAL.
E-post: post@kiasdoren.no.
Org. nr: NO 835 056 082.
2. Føremålet med vår handsaming av personopplysningar
I samband med kundeforhold må vi innhente opplysningar som namn, adresse, e-post, telefonnr, organisasjonsnummer og anna nødvendig informasjon. Dette er opplysningar vi utelukkande nyttar for å handtere ditt kundeforhold. Vi tek vare på opplysningane så lenge vi har eit kundeforhold. Du har rett til innsyn, retting og sletting av data vi har lagra om deg. Etter endt kundeforhold vil vi ta vare på data så lenge vi ser det hensiktsmessig for å hjelpe deg med eventuell historikk om du skulle ha behov for det.
3. Utlevering av personopplysningar til tredjepart
Utlevering av personopplysningar vil ikkje skje, med mindre det føreligg lovbestemt opplysningsplikt ovanfor offentlege myndigheiter.
4. Kunderegister
Vårt kunderegister inneheld opplysningar om kunden som namn, adresse, telefon, evt selskapsnamn og informasjon om kontaktpersonar hjå kunden, i tillegg til opplysningar om kva tenester og produkt kunden har kjøpt. Desse blir lagra i vårt system så lenge det er tenleg for oss. Ønskjer du å få oversikt over kva vi har lagra og evt. bli sletta frå vårt system, sjå kapittel om sletting.
5. Informasjonskapslar
Kvanne.no nyttar informasjonskapslar, også kalla cookies, på nettsidene. Ved å bruke nettsida vår samtykker du i at vi kan setje desse i din nettlesar. Cookies er standard Internett-teknologi som dei aller fleste nettstader nyttar. Vi nyttar denne kunnskapen for å tilby deg ei betre kundeoppleving neste gang du kjem til nettsida vår. Dei fleste nettlesarar er innstilt slik at informasjonskapslar blir aksepterte automatisk. Om du ikkje ønskjer å akseptere informasjonskapslar må du sjølv endre innstillingane i din nettlesar. Merk at denne innstillinga kan føre til at mange nettstader ikkje vil fungere optimalt.
6. Bruk av informasjonskapslar på denne nettsida
Eigar: Google Analytics
Føremål: Samle informasjon om korleis besøkande nyttar nettsida. Vi brukar denne informasjonen for å lage rapportar for å betre nettsida. Informasjonskapslane anonymiserar all informasjon. Dei seier noko om tal besøkande på nettsida, kvar dei kjem frå og kva sider dei besøker.
Eigar: Youtube
Føremål: Lagar statistikk på visningar og visningsdata på videoar på sida.
7. Nyheitsbrev
Ved å melde deg på Kvanne Industrier AS sitt nyheitsbrev, samtykker du til at vi lagrar ditt namn og di e-postadresse. Dette brukar vi til å sende ut relevant informasjon om oss og våre tenester. Kvanne Industrier AS forpliktar seg til å ikkje dele informasjonen din med andre partar. Informasjonen vil ligge lagra hjå oss inntil til du eventuelt melder deg av nyheitsbrevet. Alle våre utsendingar har funksjonalitet for at du kan melde deg av med eit klikk.
8. Kontaktskjema
Når du fyller ut kontaktskjema på nettsida lagrar vi denne informasjonen i vårt kundesystem. Denne informasjonen vil vi lagre for å kunne yte betre kundeservice. Vi etterstrevar å ikkje ta vare på dine detaljar lenger enn nødvendig. Ønskjer du å bli sletta, sjå kapittel om innsyn, retting og sletting av personinformasjon under.
9. Deling
Det er mogleg å dele artiklar på nettsida i sosiale medium (Facebook, Twitter). Vidare handtering av data som blir delt i sosiale medium, vert regulert av din avtale med det aktuelle nettsamfunnet.
10. Innsyn, retting og sletting av personinformasjon
Etter personopplysningslovas § 18 har du som privatperson krav på innsyn i dei opplysningar som er registrert om deg. Innsyn kan ein få ved å kontakte Kvanne Industrier AS på e-post: post@kliasdoren.no. Dersom registrerte opplysningar er uriktige, ufullstendige eller du ønskjer å slette dine opplysningar, kan ein krevje dette, jf. personopplysningslovas § 27.
11. Ansvarleg databehandlar
Dagleg leiar i Kvanne Industrier AS er ansvarleg for handsaming av personopplysningar. Vedkommande er ansvarleg for at det vert gjennomført internkontrollar med omsyn til behandling av personopplysningar, og at ev. avvik frå gjeldande lovverk blir meldt inn og retta. Vi etterstrevar til ei kvar tid å følgje gjeldande regelverk for personvern.
Har du spørsmål, ta kontakt på post@kiasdoren.no